Når du er tilkjend erstatning, vil beløpet normalt vere overført til konto i løpet av tre veker etter at klagefristen har gått ut.
Dersom du eller påstått skadevaldar klagar innan fristen, vil saka bli endeleg avgjord i klageomgangen. I klageomgangen kan alle sider ved vedtaket endrast. Dette inneber at storleiken på erstatninga kan endrast, eller at heile erstatninga kan falle bort. Eventuell erstatning blir utbetalt etter at klagen er behandla.
Utbetaling til mindreårige
Dersom ein mindreårig søkjar er tilkjend meir enn 2 G (grunnbeløpet i folketrygda), eller dersom ein av foreldra har utført den straffbare handlinga, blir erstatninga utbetalt til statsforvaltaren.
Dersom søkjaren har krav på utbetaling på under 2 G (grunnbeløpet i folketrygda), er vi pliktige til å orientere statsforvaltaren om utbetalinga. Statsforvaltaren får ein frist på tre veker til å komme med motsegner mot utbetalinga. Dersom statsforvaltaren ikkje har motsegner, vil beløpet normalt vere overført til konto i løpet av tre veker etter at vi har fått tilbakemelding frå statsforvaltaren. Den som sender inn søknaden for den mindreårige, må oppgi eit kontonummer som står i søkjaren sitt namn.